Til hovedinnhold

Voss folkehøgskule

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Søk på skulenLinjer

Voss folkehøgskule ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!

Heile Voss er vårt klasserom! I tillegg til gode undervisningsrom på skulen, nyttar me Voss sine unike fasilitetar for både kunst og kultur, ekstremsport og friluftsliv.

Alle elevar ved Voss folkehøgskule får:

På Voss veit me at det er mengdetrening som gjer meister. Med to og ein halv linjedag i veka, og ein og ein halv dag til valfag, får du tid til å fordjupe deg. Og bli betre i det du interesserer deg for, heilt utan karakterpress og formelle vurderingar.

Eit breitt spekter av ulike linjer gir eit allsidig og inkluderande miljø. Her vil du garantert treffe folk som deler interesser med deg, uansett kva dei måtte vere! 

Dette står vi for

Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. For oss betyr det at me er fordomsfrie og tolerante i møte med alle menneske.

Skulens verdiar er glede, tryggleik, undring og openheit

I det legg me at me lovar:

På Voss fhs får du fleire fellesskap å høyre heime i.

Fellesfaga knyter skulen saman på tvers av linjer: 

  • Morgonsamling kvar morgon; nokre kloke ord, song og praktisk info for dagen 
  • Vekas tema: Foredrag eller aktivitetar knytt til ulike aktuelle tema. Ofte er det eksterne føredragshaldarar som inspirerer, eller ein av lærarane som brenn for ei sak.
  • Laurdagsundervisning: Det kan vere eit tema eller ein dagsaktivitet med eigne eller innleigde resurspersonar.
  • Gangtime: Tid saman med dei du deler internat med. Her tek me opp tema knytt til det å leve tett saman, planlegg elevkveld, gangcup og andre sosiale aktivitetar.

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for.

Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag.
I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Stølstur til Upsete

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret. 

Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta. 

Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen. 

Bli med oss på stølstur til sommaren!

Skuletur til Hardanger

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.

På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.

Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.

Dei fleste på Voss fhs bur på dobbeltrom. Her kan du trekkje deg tilbake, men òg ta del i eit fellesskap. Alle som har rom i same gang har vekentlege møter der ein finn på sosiale ting, og organiserer fellesoppgåver og reinhald. Stikkorda er tillit, toleranse, tolmod og ikkje minst mykje trivsel! 

Skulen har nokre få enkeltrom. Har du behov for det, kan du søke om enkeltrom, mot eit tillegg i prisen. 

 

Fasiliteter

Voss folkehøgskule ligg på den sjarmerande og tradisjonsike garden Seim like utanfor for Voss sentrum. Du ser ut over Vangsvatnet og fjella rundt Voss -  truleg ein av dei vakraste skulane i Noreg. Her er det lett å trivast!

På skulen er det:

  • Undervisningsrom – eigne rom for alle linjene
  • Foredragssal 
  • Musikkstudio
  • Kino
  • Sløydsal
  • Syrom
  • Gymsal
  • Buldrevegg
  • Styrkerom og kondisjonsrom
  • Skistallar og smørebu
  • Sykkelstallar og sykkelverkstad
  • Kajakkar
  • Peisestove med TV, biljardbord, bordtennis og brettspel
  • Matsal
  • Elevkjøkken
  • Tre internatbygg
  • Vaskerom og tørkerom

Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus, Vossabadet og offentleg transport.

Voss er eit regionsenter, handelssenter og trafikknutepunkt. Me har god transport-kommunikasjon til og frå heile Sør-Noreg. Ta toget til Bergen og Oslo med Bergensbanen, eller køyr hovudvegen mellom Oslo og Bergen på E16, som går gjennom Voss sentrum.

Det går fleire tog til Oslo og Bergen dagleg. Reisetida er 1t og 15 min med tog til Bergen og 5 timar med tog til Oslo. Bergen, Lillehammer, Kristiansand og Haugesund kan du òg nå med buss. Tek du fly, landar du på Flesland rett utanfor Bergen. Så tek du bybana til sentrum og toget til Voss. Enkelt og greitt.  

Finn reiserute fra der du bor

Voss – bygd for sterke opplevingar!

Voss er ei utprega idretts- og kulturbygd, omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap. Ekstremsportveko går av stabelen kvar vår, og like ved skulen ligg eit av Nord-Europas beste alpinanlegg: Voss Resort i Bavallen.

Kva finst på Voss?

  • Kulturhus med bibliotek og kino, ca 7 min gange
  • Festivalar og konsertar
  • Restaurantar og pubar, 10 min gange
  • Bowling, 15 min gange
  • Alt du treng av butikkar i sentrum og Amfi, ca 15 - 20 min gange
  • Legevakt og sjukehus 2,5 km frå skulen
  • Nærleik til fantastiske fjell og vidder, elver og skog
  • Voss Resort, eit av dei største og beste skianlegga på Vestlandet. Gondol i gåavstand til skulen
  • Myrkdalen skisenter, ca 35 min køyring
  • Vindtunnell, 12 min på sykkel
  • Bade-, svømme- og stupeanlegg: Vossabadet
  • Skiarena - langrenn og skiskyting
  • Mange ulike idrettsanlegg

Arrangement:

  • Ekstremsportveko
  • Vossajazz
  • NM og WC i fleire ski-disiplinar
  • Osafestivalen
  • Smalahovefestivalen

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

På kvelden skjer det mykje for den som vil. Skulekino i kinosalen. Trening i gymsal og styrkerom. Lage film. Spele data. Turneringar. Spele inn musikk i studio. Bading i Vossabadet. Flyging i vindtunnell. Trening på treningsenter. Nytte kulturtilbodet på Voss. Kveldskøyring i Voss Resort. Huskonsertar. Brettspel. LAN. Kosekveldar. Elevkveldar. Strikking. Kunst Design/ redesign/ bruk av symaskin. Aktivitetar med tilsynslærar ...og mykje meir! Skulen står til din disposisjon.

Du kan søke allereie frå 1. oktober. Me startar å sende ut svar 1. februar. Er det ledige plassar etter det, kan du søke og me svarar me på søknadar fortløpande! Du får tlf/sms og/eller brev om du har fått plass eller ikkje. Alle søkarar blir kontakta.

Me har 18-års aldersgrense: Du må fylle 18 år innan utgangen av det året du vil begynne her. 

Nokre linjer krever helseattest eller forkunnskapar/ferdigheiter. Les meir om dette under kvar linje-side, eller på skulens nettside.

Bygninger

Skulen er delvis tilpassa rullestolbrukarar. Me har heis og eit internat egna for rullestol. Men skulen er gamal og ein del av bygga er dessverre ikkje universelt tilpassa og tilgjengelege. Ta kontakt for meir informasjon. Me pleier å få til gode løysinger etter behov.

Mat

Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassing til andre allergiar. Gje oss beskjed i god tid slik at me kan legge til rette for deg.

Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje spiser av religiøse grunnar eller av andre årsaker, ta kontakt med oss.

Faglig og sosialt

Me tilpasser så langt det er råd, slik at det blir mogeleg for deg å delta på lik linje med dei andre.

Arild Tvilde

Lærar

Arild er elvepadlar, frikøyrar og toppturentusiast, klatrar og friluftsmann. Han brenn for naturen og miljøet, og er ei ildsjel i det lokale ekstremsportmiljøet. Han var initiativtakar til skulens fyrste ekstremsportlinje, og har vore pådrivar i utviklinga av tilbodet me har i dag. Arild har i ei årrekke vore sikkerheitsansvarleg for Ekstremsportveko.

Epost: arild.tvilde@voss.fhs.no

Caroline Mølgaard Onarheim

Lærar

Kombinerer du rå, sprudlande og omsorgsfull, får du Caroline. Ho driv mellom anna med snowboard, klatring, downhill sykling, kiting og paragliding, og er godt over snittet god i det meste av det. Dei to Alaska huskyane hennar; Nanook og Riven, er ofte med på skuleturar. Caroline har utdanning innan idrett og friluftsliv, pedagogikk, er sertifisert personlig trenar og instruktør i nesten alt.

Epost: caroline.onarheim@voss.fhs.no
Telefon: 97694471
Instagram: @flowerkite

Lars Haukom

Lærar

Lars har i mange år reist og køyrt ski og hoppa fallskjerm rundt i verda, før han slo seg ned på Voss i 2010. Han har instruktørutdanning på øvste nivå innan alpint og telemark, fallskjerm, paragliding og speedriding. Han har drive med luftsport sidan 1993 da han vart utdanna fallskjermjeger ved Hærens Jegerskole. Han har også fleire års erfaring med og halde kurs i elvepadling og klatring.

Epost: lars.haukom@voss.fhs.no
Instagram: @larshaukom
Instagram: @vossfhsluft

Camilla L. Haukedal

Lærar

For Camilla er livet å vere kreativ. Alt innan foto, film, teater og dei fleste andre kunstformer er spennande, i følgje ho. Mest av alt elskar ho å hjelpe elevane til å dyrke sin eigen kreativitet. Camilla er sjølv utøvande kunstnar og har delteke på ei rekke utstillingar og filmfestivalar. Ho har bachelorgrad i foto og master i kunst med fordjuping i film frå Kunsthøgskulen i Bergen. 

Epost: camilla.haukedal@voss.fhs.no
Nettside

Kristin Opsum Hollingsworth

Lærar

Kristin er ei positiv dame med stort engasjement for folkehøgskulen. Ho elsker fjellturar og friluftsliv, gjerne på hytta i Vossafjella. Kristin er sertifisert yoga instruktør, med hjarte for god psykisk helse og trivsel. Ho er utdanna systemutviklar, har mastergrad i Kommunikasjon/IKT fra USA, samt pedagogisk utdanning. Før ho kom til Voss arbeidde ho ti år i IKT- og mediebransjen i USA. 

Epost: kristin.opsum@voss.fhs.no

Kristian Iversen

Lærar

Kristian er musiker til margen, og lagar aller helst musikk kvar dag. Han er eit utprega ja-menneske, og boblar over av både engasjement og latter når du møter han. Kristian har bakgrunn som bandmusiker, produsent, singer-songwriter og elektronisk musiker. Han har musikkutdanning fra LIPA (Paul McCartney-skolen), master i musikkpedagogikk, i tillegg til utdanning i dramapedagogikk og kunst. 

Epost: kristian.iversen@voss.fhs.no

Bjørnar Kaldefoss Tveite

Lærar

Bjørnar har i mange år jobba som musikar i Oslo og vore aktiv på jazzscener rundt omkring i landet. Du kan høyre han i band som Arne Torvik Trio og Hullyboo. Bjørnar er ellers glad i å vere i naturen og å stå på snowboard på vinteren. Bjørnar har bachelor i utøvande jazz og improvisasjon ved Norges musikkhøgskule og pedagogikk frå samme stad.

Epost: bjornar.tveite@voss.fhs.no

Jon Grendahl

Lærar

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. 

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

Amund Sletner

Lærar

Amund trivst best ute heile året - på sykkel, jakt, fisketurar eller lange fjellturar. Amund er ein allsidig folkehøgskulelærar som også tilbyr danseopplæring og gitarundervisning på nybegynnarnivå. Ein konkurransemann, og skulens trønderalibi! Amund har utdanning frå idrettshøyskolen i Oslo og som offiser i hæren. Han er skiinstruktør, driv med kiting og er idrettsentusiast.   

Epost: amund.sletner@voss.fhs.no

Bjørn Slettemark

Lærar

Bjørn har ei bachelorgrad i datagrafikk, som er skjeringspunktet mellom teknologi og design, og har hatt ei lang fartstid i videospelbransjen. Han har òg utvikla webplattformer som teknologisjef. På fritida sit han anten og kodar foran datamaskina eller så sit han og maler akvarell.

Epost: bjorn.slettemark@voss.fhs.no

Helge Martinsen

Lærar

Helge sin lidenskap for elvepadling, ski og friluftsliv starta for alvor i 2012, då han sjølv var elev ved Voss fhs. I dag har han eit engasjement som kan smitte sjølv innegrisar! Helge er utdanna lærar, har ein BA i friluftsliv og tilleggsutdanning i idrettsvitenskap. Før han kom til oss, har Helge arbeidd med tryggleik og livredning m.a. for Røde Kors, og med stunt-tryggleik i filmproduksjonar.

Epost: helge.martinsen@voss.fhs.no

Bodil Jansen

Husmor (internatleiar)

Heime er Bodil mor til to. På jobb har ho ansvar for 120 ungdomar! Er det nokon som er sjuke og ikkje kan delta i undervisning? Bodil har kontroll og ser til alle elevane. Ho sjekkar vask av rom og gir rettleiing. Lurer du på forskjellen mellom klesvask på 40 og 60 gradar? Praktiske spørsmål eller om du treng ein trygg vaksen å prate med. Det er ein grunn til at internatleiar kallast husmor.   

Epost: bodil.jansen@voss.fhs.no
Telefon: 99475024

Oda-Frigg Endregaard

Assisterande rektor

Oda Frigg er ein mulitkunstnar. I både skodespel, teater, dans, pilates og ikkje minst organisering og planlegging. Aller best er ho likevel til å gjera andre gode. Ho gir absolutt alt for å få elevane til å nå sin beste versjon av seg sjølv. Oda Frigg har utdanninga si i drama og teater fra NTNU, og dans frå Norges Dansehøyskole. Før ho kom til Voss var ho lærar på Nordmøre folkehøgskule.

Epost: odafrigg@voss.fhs.no
Telefon: 97153379

Siren Øyan Kulbeck

Rektor

Siren har sjølv vore elev på Voss folkehøgskule. Det har forma livet hennar. Ho utdanna seg til lærar i idrett og samfunnsfag, og har vidareutdanning i rus, psykologi og rettleiing. Ho har jobba på andre folkehøgskular og skular, og i rus- og kriminalomsorgen. No er ho glad for å vere tilbake på Voss! Når ho ikkje rektorerer eller underviser, elskar ho å reise og lære om ulike kulturar!

Epost: siren@voss.fhs.no
Telefon: 92024013

Anne Marie Øvstedal

Kontorleiar

Ringer du til skulen, er det som regel Anne Marie som tek telefonen. Ho har ansvar for økonomi og betaling. Korleis gjer du det med lånekassen, betaling og økonomi? Anne veit svaret og rettleiar deg. Døra inn til Anne sitt kontor er alltid open for elevane. 

Epost: anne@voss.fhs.no
Telefon: 56529040

Irene Nesse

Valfag, marknadsføring og elevopptak

Irene har ansvar for marknadsføring og elevopptak. I tillegg underviser ho i valfag, og har god peiling på alt som har med arrangementsplanlegging og ulike media å gjere. Irene har utdanning innan film og tv frå høgskulen i Volda og England, og har jobba mange år både i NRK og som filmlærar på Voss fhs før ho tok steget inn i administrasjonen. 

Epost: irene.nesse@voss.fhs.no
Telefon: 92602326

Irene Veka

Kjøkkenassistent

Irene er frå Voss. Ho har jobba som kjøkkenassistent på Voss folkehøgskule sidan 2006. Ho har sambuar og 3 gutar. Ungdom heime og ungdom på jobb!

Osmine Austbø

Kjøkkensjef

På ein internatskule, der elevane har fire måltid om kvardagane og tre i helgane, er maten særskilt viktig. God mat er god helse og høg trivsel. Jobben til Osmine er å organisere og leie kjøkkenet, slik at elevane får ei god, variert og innhaldsrik meny i løpet av veka. Ho har vore kjøkkensjef sidan 1996, og trivst med å lage god mat til nøgde elevar!

Epost: osmine.austbo@voss.fhs.no

Aina Nesse

Kokk

Aina er kokk med glutenalergi. Det er flaks for oss, for slikt blir det mykje god glutenfri mat av! Så lenge ho slepp å ete nudlar og kveitebollar, har Aina eit sprudlande humør, og fortel gjerne røvarhistoriar om livet på Voss. Aina har tidlegare erfaring frå både hotell, restaurant og kafékjøkken.

Mariann Almeland

Kokk

Mariann er frå Voss, og begynte som kokk på Voss folkehøgskule i 1991. Ho har lengst fartstid av samtlege tilsette på skulen! Mariann likar å lage god mat, og trivst når ungdomane har gode måltid og set pris på maten.   

Mo Norekvål

Reinhald

Mo kjem frå Thailand, men har budd i Norge og på Voss i mange år. Mo har sambuar og 4 gutar. Mo sørger for at skulen er rein og fin.

Kjetil Dyrvik

Vaktmeister/Driftsleiar

Kjetil er vaktmeister og bur på skulen. Kjetil si viktigaste oppgåve er å sikre at internat- og skulebygga er funksjonelle og trygge. Ser du noko som ikkje er som det skal, blir Kjetil glad for ei melding. Det finst mest ikkje ein ting han ikkje kan fikse! På fritida er Kjetil aktiv orienteringsløpar. Han vil nok løpe i frå dei fleste elevar i motbakkeløp, om nokon tek utfordringa!

Anthony Tessier

Vaktmeisterassistent

Anthony jobbar som vaktmester, spesielt med oppussing og rehabilitering. Han kjem frå Bretagne i Frankrike men har budd dei siste 16 årene i Noreg. Han er utdanna møbelsnekkar frå Frankrike og har i tillegg ei fotoutdaning frå Bergen. Anthony likar å reparere og byggje ting – alt frå eige snøbrett, skateboard og jib’er til møblar. På fritida kjører han gjerne snøbrett eller terrengsykkel.

Linjer på Voss folkehøgskule

Ekstremsport Luft

Voss folkehøgskule
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

Lyd & Musikkproduksjon

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Data

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Idrett og Friluftsliv

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Film og Foto

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Data & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Bratt

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Kunst og Natur

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Ekstremsport

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Musikk & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Låtskrivar//studio

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt
Søk på skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Thea Louise Heen

Det er ingen steder som har alt Voss har. Voss gjorde at jeg fikk kjenne på følelser som mestring, glede og dristighet nesten hver eneste dag. Å kunne drive med akkurat hva jeg ville sammen med venner for livet var den perfekte kombinasjonen.

Thea Louise Heen
Anniken Kratter

Å våkne til ferdig frokost, engasjerte lærere, vakker utsikt og et variert opplegg. Vanlig klasseromsundervisning kan du glemme. Uavhengig av hvilken linje du går er du garantert seilturer, skidager, linjedager, aktivitetsdager og overnattingsturer!

Anniken Kratter
Helge Karbø

Året på Voss FHS gav meg ein ny verden! Fantastisk år der elvepadling og friluftsliv gjorde kvardagen til ein leik. Ulike venner frå heile landet har gitt meg eit heilt unikt nettverk!

Frå bloggen

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen